Velkommen innom Nesasjøhuset hjå Ryfylkemuseet, her er det både utstillingar, kafe og butikk. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Ryfylkemuseet

Nesasjøhuset er hovudsetet til Ryfylkemuseet. Huset ligg flott til i Nordenden på den autentiske/idylliske strandstaden Sand. Sand ligg langs Nasjonal Turistvei Ryfylke i Skattkammeret Suldal midt i Ryfylke. Les meir her om Nesasjøhuset.

Sjøhuset blei bygd i dei gode sildeåra kring 1850. Her blei nøter og båtar lagra og silda salta. Seinare har huset vore brukt som tønnefabrikk og til ulike lagerformål. Ryfylkemuseet flytta inn i huset i 1991. Her er det utstillingar, museumsbutikk, ein kafé og ei rekke arrangement gjennom året.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.